110-sentralen

  • Hjem
  • Aktuelt
  • Ledige stillingar som operatør og fagutviklar

110 armlogoMøre og Romsdal 110-Sentral KF er eit kommunalt føretak, eigd av Ålesund kommune. Møre og Romsdal 110-Sentral KF er naudemeldessentralen for alle brannvesen i Møre og Romsdal, og er lokalisert saman med politiets operasjonssentral/naudmeldesentral ved politihuset i Ålesund. 110-Sentralen er bemanna med 15 kvalifiserte operatørar, nestleiar og teknikar i hht. «forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen» §7-5 og leiast av ein avdelingsleiar. Verksemdsleiar for føretaket er brannsjefen i Ålesund brannvesen. Som fagsentral skal 110-sentralen vere utrykkingspersonellet sin støttespelar under ein kvar aksjon. Sentralen ynskjer å skape best mogleg tryggleik – for enkeltindivida – for lokalsamfunnet og for fylket.

Les meir om stillingane:

Operatør

Fagutviklar

Søknadsfrist: 01 november 2020

For meir opplysningar, kontakt avdelingsleiar Kjetil Vikås tlf. 938 15 156.